Det europeiske solidaritetskorps (2021-2027)

Tittel

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2021/888 av 20. mai 2021 om opprettelse av programmet Det europeiske solidaritetskorps og om oppheving av forordning (EU) 2018/1475 og (EU) nr. 375/2014

Regulation (EU) 2021/888 of the European Parliament and of the Council of 20 May 2021 establishing the European Solidarity Corps Programme and repealing Regulations (EU) 2018/1475 and (EU) No 375/2014

Siste nytt

EØS-komitebeslutning 24.9.2021 om innlemmelse i EØS-avtalen

Program eller byrå:
Program

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 2.9.2021)

Sammendrag av innhold

Som ein del av EU Kommisjonen sitt forslag til nytt langtidsbudsjett ble det foreslått ei vidareføring av European Solidarity Corps. Programmet gjeld for 2021 - 2027. Formålet med programmet er å "øge deltagelsen hos unge og organisationer i tilgængelige solidaritetsaktiviteter af høj kvalitet for derigennem at bidrage til at styrke samhørigheden, solidariteten og demokratiet i og uden for EU og til at tackle sociale og humanitære udfordringer på lokalt niveau med en særlig indsats for at fremme social inklusion", jf. art 3. 

European Solidarity Corps gjev ungdom nye høver til å delta i frivillig arbeid, praksisopphald eller arbeid gjennom aktivitetar som har eit solidarisk innhald. I tillegg kan dei utforme og utvikle solidaritetsprosjekt på eige initiativ. Programmet skal bidra til å fremme deira personlege, utdanningsmessige, sosiale, medborgarlege og faglege utvikling. 

Programmet har fem typar tiltak:

1. frivillig arbeid i samband med solidaritetsaktivitetar, jf. art. 7

2. praksisopphald og arbeid, jf. art. 8

3. solidaritetsprosjekt, jf. art 9

4. nettverksaktivitetar for enkeltpersonar og organisasjonar, jf. art. 5

5. kvalitets- og støttetiltak, jf. art. 5

Noreg er som EØS-land invitert til å delta i aktivitetar etter art. 5 og 7, men er altså ikkje invitert til å delta i praksisopphald, arbeid og solidaritetsprosjekt, jf. art. 14 (2) a). 

Dei frivillige aktivitetane bygger vidare på European Voluntary Service. Noreg har delteke i European Voluntary Service gjennom ulike program, seinast Erasmus+, fram til opprettinga av European Solidarity Corps i 2018. 

Merknader
Rettslige konsekvenser

Rettsakta er vedteke med heimel i artikkel 165 (4), artikkel 166 (4) og artikkel 214 (5) i traktaten om den europeiske unions virkemåte (TFEU). 

Noreg skal ikkje delta i programmet, og innlemming i EØS-avtala har derfor ingen rettlege konsekvenser.  

Økonomiske og administrative konsekvenser

Noreg skal ikkje delta i programmet, og innlemming i EØS-avtala har derfor ingen økonomiske eller administrative konsekvenser. 

Sakkyndige instansers merknader

Rettsakta har vore handsama i spesialutvalet for utdanning, der Arbeids- og sosialdepartementet, Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Landsbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet og Barne- og familiedepartementet er representert, i tillegg til tre underliggande etatar. Det foreløpige posisjonsnotatet vart handsama i SU Utdanning i møte 16. oktober 2019.

Etter ei samla gjennomgang og vurdering av Noreg si deltaking i EU-programma for perioden 2021-2027, blei det vedteke at Noreg ikkje skal delta i dette programmet.

Vurdering

Etter ei samla gjennomgang og vurdering av Noreg si deltaking i EU-programma for perioden 2021-2027, blei det vedteke at deltaking i dette programmet ikkje kan prioriterast.

 

Status

Utkast til vedtak om innlemming av forordninga i EØS-avtala er sendt til EEAS.

Nøkkelinformasjon

EØS



EFTA/EØS-flagg
EØS-prosessen
Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
07.04.2021
Vedtatt i EØS-komiteen
24.09.2021
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
25.09.2021
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.01.2021

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Barne- og familiedepartementet
Informasjon fra departementet

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 32021R0888
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro