Pakkelevering over grensene

Tittel

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2018/644 av 18. april 2018 om grensekryssende pakkeposttjenester

Regulation (EU) 2018/644 of the European Parliament and of the Council of 18 April 2018 on cross-border parcel delivery services

Siste nytt

Retningslinjer lagt fram av Kommisjonen 12.12.2018

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 30.5.2019)

Samandrag av innhald
EU-Parlamentet og Rådet vedtok 18. april 2018 ei forordning om grensekryssande pakkeleveringstenester.

Formål
Formålet med forordninga er betre grensekryssande pakkeleveringstenester gjennom meir effektivt tilsyn, auka openheit om tilgjengelegheita til og prisen på ulike grensekryssande pakkeleveringstenester og identifisering av urimeleg høge prisar, og informasjon til forbrukarane om grensekryssande pakkeleveringstenester.

Rekkevidde
Forordninga omfattar postsendingar som inneheld varer med eller utan kommersiell verdi med vekt til og med 31,5 kilo. Dokument, eller såkalla "items of correspondence", under 20 millimeter tjukke, er ikkje omfatta.

Tilbydarar er omfatta så lenge dei tilbyr minst eitt av stega i postleveringskjeda (innsamling, sortering, transport og utdeling), inkludert såkalla hentetenester. Transport som ikkje blir gjort i samanheng eller samband med eit av dei andre stega i postleveringskjeda, fell utanfor.

Det er berre selskap med 50 tilsette eller fleire som er omfatta. Dette blir målt basert på talet på personar som arbeidde for tilbydaren førre kalenderår og som var involvert i pakkeleveringstenesta i medlemsstaten der tilbydaren er etablert. For tilbydarar som er etablerte i meir enn ein medlemsstat gjeld ikkje unntaket for selskap med under 50 tilsette. Både heiltids-, deltids- og midlertidig tilsette, samt sjølvstendig næringsdrivande som arbeider for tilbydaren av pakkeleveringstenesta, skal teljast med. Den nasjonale tilsynsmyndigheita kan inkludere personar som arbeider for underleverandørar til tilbydaren av pakkeleveringstenester.

Nærmare om forordninga
Forordninga er minimumsregulering; det er lov for medlemsstatar å oppretthalde eller innføre ytterlegare krav med det formål å oppnå betre grensekryssande pakkeleveringstenester.

Tilbydararar av pakkeleveringstenester skal mellom anna informere om grunnleggande data om selskapet, skildre kjenneteikna ved pakkeleveringstenesta og klageprosedyrar for forbrukarane, og gi informasjon om tal på tilsette og stillingskategoriar, tal på pakkar og omsetnadstal.

Årleg skal tilbydarane sende regulatøren offentlege listeprisar for levering av enkeltsendingar innanfor kategoriane i annekset til forordninga. Regulatøren skal sende informasjonen til kommisjonen, og kommisjonen skal publisere den på ei eiga nettside. Regulatøren skal identifisere eventuelle prisar som er urimeleg høge.

Tilbydarane skal gjere tydeleg informasjon om tilbodet, prisane og klagehandsamingsprosedyrar tilgjengeleg for forbrukarar før avtale vert inngått.

Merknader
Det rettslege grunnlaget for forordninga er artikkel 114 i "Treaty of the Functioning of the European Union" (TEUF) (Den europeiske unions funksjonsområde).

Rettslege konsekvensar
Forordningar har direkte verknad i EU og treng inga ytterlegare gjennomføring i medlemsstatane. For at ei forordning skal få verknad i Norge krevst ei gjennomføring i norsk rett.

Formidling av grensekryssande sendingar inntil 20 kg er regulert i Lov om posttjenester (postloven) og Forskrift om post (postforskriften). Dersom forordninga blir teken inn i EØS-avtalen, vil det vere behov for endring av postregelverket. Det vil vere behov for enkelte endringar i postloven, medan sjølve forordninga blir gjennomført i nasjonal rett ved ei gjennomføringsføresegn i postforskriften. Forordninga vil bli omsett til norsk og tatt inn som vedlegg til forskrifta.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga set nye krav til både posttilbydarar og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, mellom anna når det gjeld å hente inn, utlevere og vurdere informasjon og data om grensekryssande pakkeleveringstenester.

Ei konsekvensutgreiing av EU-kommisjonen synleggjer at både Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og marknadsaktørane vil måtte forvente ein auke av kostnadar når forordninga blir tatt inn i norsk regelverk. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vil måtte handtere dette innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammene til etaten.

Sakkyndige instansar sine merknadar
Forordning har vore behandla i spesialutvalet for kommunikasjonar der Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet er representert, som har konkludert med at forordninga er EØS-relevant og akseptabel for innlemming i EØS-avtalen uten behov for tilpasningstekst.

Forslaget var på alminneleg høyring, og departementet fekk fem høyringssvar som er publiserte på regjeringen.no.

Vurdering
Departementet støttar formålet med forordninga, som er betre grensekryssande pakkeleveringstenester gjennom meir effektivt tilsyn, auka openheit om tilbod av ulike grensekryssande pakkeleveringstenester og identifisering av urimeleg høge prisar.

Konklusjon
Forordninga er EØS-relevant og akseptabel, og departementet anbefaler at forordninga blir tatt inn i EØS-avtalen sitt vedlegg XI utan at dette medfører behov for norsk tilpassingstekst.

Status
Forordninga vart vedteken av EU Parlamentet og Rådet 18. april 2018, og tredde i kraft 22. mai 2018. Forordninga er under vurdering i EØS/EFTA-statane.