Pakkelevering over grensene: gjennomføringsbestemmelser om rapporteringsskjemaer

Tittel

Kommisjonens gjennomføringsforordning (EU) 2018/1263 av 20. september 2018 om skjemaene for innsending av informasjon av tilbydere av pakkeleveringstjenester i henhold til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2018/644

Commission Implementing Regulation (EU) 2018/1263 of 20 September 2018 establishing the forms for the submission of information by parcel delivery service providers pursuant to Regulation (EU) 2018/644 of the European Parliament and of the Council

Siste nytt

EØS-notat offentliggjort 23.5.2019

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 30.5.2019)

Sammendrag av innhold
Forordninga set fast utforminga av skjema for å hente inn informasjon frå verksemder som er omfatta av pliktene i forordning om grensekryssande pakkeleverings­tenester ((EU) 2018/644). Utforminga er laga i samarbeid med den europeiske regulatørgruppa, jf. Postdirektivet sin artikkel 21.

Gjennomføringsforordninga innehelder to skjema. Anneks 1 er utforma for å kunne innhente grunnleggande info om tilbydarane etter forordninga artikkel 4 (1), medan anneks 2 er meint for innsamling av årleg informasjon til regulatørane etter artikkel 4 (3).

Merknader
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har delteke i Kommisjonen sitt arbeid med forordninga om grensekryssande pakkeleveringstenester, har delteke på arbeidsgruppemøter, gitt innspel til ERGP- arbeidsgruppa og elles følgt prosessen.

Økonomiske og administrative konsekvenser
Gjennomføringsforordninga har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar

Sakkyndige instansers merknader
Forordninga er vurdert av spesialutvalget for kommunikasjonar der Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet er representert, som fann forordninga EØS-relevant og akseptabel for innlemming i EØS-avtalen utan behov for tilpasningstekst.

Vurdering
Forordninga er EØS-relevant og akseptabel, og departementet anbefaler at forordninga blir tatt inn i EØS-avtalen sitt vedlegg XI utan at dette medfører behov for norsk tilpassingstekst.

Status
Gjennomføringsforordninga vart vedteken av Kommisjonen 20. september 2018 og tredde i kraft 10. oktober 2018. Forordninga er under vurdering i EØS/EFTA-statane.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
Kommisjonens framlegg
Dato
31.08.2018
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Rettsakt på EU-språk
Dato
20.09.2018
Anvendelsesdato i EU
11.10.2018
Annen informasjon

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Samferdselsdepartementet
Informasjon fra departementet