Organisering av sjøfolks arbeidstid

Tittel

Rådsdirektiv 1999/63/EF av 21. juni 1999 om avtalen om organisering av sjøfolks arbeidstid inngått mellom Sammenslutningen av skipsredere i Den europeiske union (ECSA) og Sammenslutningen av transportarbeiderforbund i Den europeiske union (FST)

Council Directive 1999/63/EC of 21 June 1999 concerning the Agreement on the organisation of working time of seafarers concluded by the European Community Shipowners' Association (ECSA) and the Federation of transport Workers' Union in the European Union (FST)

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra St.prp. nr 49 (2000-2001))

Sammendrag av innhold
I direktiv 1993/104/EF, som er ein del av EØS-avtala, er det fastsett krav til tilhøve som arbeidstid, kviletid, maksimal arbeidstid per veke, ferie, nattarbeid og skiftarbeid. Ei rekkje aktivitetar og sektorar, medrekna sjøtransport, er likevel ikkje omfatta av verkeområdet til direktivet.

På denne bakgrunnen forhandla Samanslutninga av skipsreiarar i Den europeiske unionen (ECSA) og Samanslutninga av transportarbeidarforbund i Den europeiske unionen (FST) fram ei rammeavtale om arbeidstid på skip (ECSA-avtala). Direktiv 1999/63/EF gjennomfører denne avtala. Samstundes gjev direktivet ei einsarta gjennomføring for medlemsstatane av hovudinnhaldet i ILO-konvensjon nr. 180.

Rådsdirektiv 1999/63/EF er eit minimumsdirektiv. Det har som føresetnad at gjennomføringa av føresegnene i direktivet i nasjonal lov ikkje fører til at det generelle vernenivået som den einskilde medlemsstaten alt har på området til rammeavtala, vert senka.

Direktiv 1999/63/EF gjev reglar som i utgangspunktet gjeld for alle tilsette på skip som vert drivne kommersielt. Den normale arbeidstida skal vere åtte timar. Medlemsstatane må anten fastsetje eit timetal for lengste arbeidstid eller minste kviletid. Direktivet inneheld nærmare føresegner for korleis denne reguleringa skal finne stad. Det skal førast register over utført arbeid eller gjennomført kviletid, slik at det kan kontrollerast at føresegnene vert etterlevde. Direktivet gjev høve til å gjere unntak frå arbeids- eller kviletidsføresegnene i gjevne tilfelle.

Direktivet gjeld berre for skip som tek del i kommersiell verksemd. Dette medfører at tilsette på fritidsbåtar, redningsskøyter og hospitalskip fell utanfor direktivet. Arbeids- og kviletid for tilsette på fiskefartøy er ikkje omfatta av direktiv 1999/63/EF, fordi EU har regulert dette i direktiv 2000/34/EF.

I direktiv 1999/63/EF er det vidare fastsett at personar under 18 år ikkje skal utføre nattarbeid, med mindre slikt arbeid vert utført i samband med fastlagde utdanningsprogram.

Tilhøvet til norsk rett
Gjennomføringa av direktivet i Noreg vil krevje endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstid på skip, og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister.

Direktivet vil utvide verkeområdet i lov om arbeidstid på skip til å gjelde alle som i medhald av tilsetjingsavtala er tilsette om bord, med mindre dei er fritekne frå verkeområdet til lova. I lov om arbeidstid på skip er det no visse yrkesgrupper som er fritekne frå verkeområdet til lova, m.a. pursarar og helsepersonell. Gjennomføringa av direktivet fører til at desse gruppene òg vil verte underlagde ei tilsvarande regulering som dei andre kategoriane av tilsette.

Lov om norsk internasjonalt skipsregister (NIS) viser til ei rekkje føresegner i lov om arbeidstid på skip. Lov om NIS må tilpassast dei endringane som vert gjorde i lov om arbeidstid på skip.

Gjennomføringa av direktivet må sjåast i samanheng med at Stortinget den 13. november 1998 gav samtykke til at Noreg skal ratifisere ILO-konvensjon nr. 180 og slutte seg til ILO-rekommandasjon nr. 187. Det vert her vist til St.prp. nr. 74 (1997-98) og Innst. S. nr. 22 (1998-99). Det vil verte utarbeidd ein odelstingsproposisjon med dei nemnde lovendringane for å gjennomføre direktivet og ILO-konvensjon nr. 180.

EU har vedteke rådsdirektiv 2000/34/EF om arbeidstid for fiskarar, som truleg vil verte innlemma i EØS-avtala. Dette direktivet vil òg krevje endring i lov om arbeidstid på skip. Det vil verte lagt opp til at direktiva 1999/63/EF og 2000/34/EF vert dekte av den same odelstingsproposisjonen og gjennomførde på same tid, ettersom begge direktiva krev at lov om arbeidstid på skip vert endra.

Fristen for å setje i kraft ei ny lovgjeving i samsvar med direktivet er 30. juni 2002.

Administrative og økonomiske konsekvensar
Gjennomføringa av direktivet vil ikkje føre til større administrative eller økonomiske konsekvensar for styresmaktene eller næringa. Kontrollen av at arbeids- og kviletidsføresegnene vert følgde, skal utførast gjennom tryggingsstyringssystema til reiarlaga og ved revisjonar av dei, og ved tilsyn om bord.

Konklusjonar og tilråding
Direktivet utvidar verkeområdet til lov om arbeidstid på skip til å omfatte fleire stillingskategoriar, og medverkar såleis til å styrkje arbeidarvernet. Ei godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen vil sikre ein lik standard innanfor heile EØS-området.

Nærings- og handelsdepartementet tilrår godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen om å ta inn direktivet i EØS-avtala. Utanriksdepartementet slutter seg til dette.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
21.06.1999
Gjennomføringsfrist i EU
30.06.2002
Anvendelsesdato i EU
30.06.2002

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 51, 11.10.2001, p. 74-78
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
Norge, Island
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.06.2001
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
30.06.2002

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Nærings- og fiskeridepartementet
Samtykkeproposisjon
Dato
02.03.2001
Gjennomføring i norsk rett
Dato
08.07.2002
Anvendes fra i Norge
08.07.2002

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 31999L0063
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro