Eksponering av arbeidstakere for risikoer i forbindelse med fysiske agenser (vibrasjon)

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/44/EF av 25. juni 2002 om minstekrav til helse og tryggleik med omsyn til eksponering av arbeidstakarar for risikoar i samband med fysiske agensar (vibrasjon) (sekstande særdirektiv i medhald av artikkel 16 nr. 1 i direktiv 89/391/EØF)

Directive 2002/44/EC of the European Parliament and of the Council of 25 June 2002 on the minimum health and safety requirements regarding the exposure of workers to the risks arising from physical agents (vibration) (sixteenth individual directive within the meaning of Article 16 (1) of Directive 89/391/EEC)

Siste nytt

EØS-komitebeslutning 16.5.2003 om innlemmelse i EØS-avtalen

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra europaparlaments- og rådsdirektivet, norsk utgave)

1) I medhald av traktaten kan Rådet gje direktiv om minstekrav med sikte på å betre særleg arbeidsmiljøet for å sikre eit høgare nivå for vern av tryggleiken og helsa til arbeidstakarar. Det bør unngåast at slike direktiv pålegg administrative, økonomiske og rettslege byrder som er av ei slik art at dei motverkar skipinga og utviklinga av små og mellomstore føretak.

2) I meldinga frå Kommisjonen om handlingsprogrammet for gjennomføringa av fellesskapspakta om grunnleggjande sosiale rettar for arbeidstakarar er det fastsett at det bør innførast minstekrav til helse og tryggleik med omsyn til eksponering av arbeidstakarar for risiko i samband med fysiske agensar. I september 1990 vedtok Europaparlamentet ein resolusjon om dette handlingsprogrammet(4), og oppmoda særleg Kommisjonen til å utarbeide eit særskilt direktiv om risikoane i samband med lyd og vibrasjon, og i samband med alle andre fysiske agensar på arbeidsplassen.

3) I første omgang vert det rekna som naudsynt å innføre tiltak som vernar arbeidstakarar mot risikoane i samband med vibrasjonar, på grunn av dei verknadene som slike vibrasjonar har på helsa og tryggleiken til arbeidstakarane, særleg med omsyn til skadar på musklar, skjelett, nervar og kar. Desse tiltaka skal ikkje berre sikre helsa og tryggleiken til kvar einskild arbeidstakar, men òg syte for eit minstevernenivå for alle arbeidstakarane i Fellesskapet, noko som vil hindre moglege former for konkurransevriding.

4) I dette direktivet er det fastsett minstekrav, noko som gjer det mogleg for medlemsstatane å halde ved lag eller vedta meir føremålstenlege føresegner for vern av arbeidstakarane, og særleg å fastsetje lågare tiltaksverdiar for dagleg eksponering eller lågare grenseverdiar for dagleg eksponering for vibrasjonar. Gjennomføringa av dette direktivet bør ikkje nyttast til å grunngje tilbakesteg i høve til den noverande situasjonen i kvar medlemsstat.

5) Eit system for vern mot vibrasjonar må utan unaudsynlege detaljar avgrensast til fastsetjing av dei måla som skal nåast, dei prinsippa som skal stettast og dei grunnleggjande verdiane som skal nyttast, slik at det vert mogleg for medlemsstatane å nytte minstekrava på ein einsarta måte.

6) Eksponeringa for vibrasjon kan reduserast meir effektivt ved å innføre førebyggjande tiltak allereie ved utforminga av arbeidsstasjonar og arbeidsplassar, og ved å velje ut arbeidsutstyr, framgangsmåtar og arbeidsmetodar som reduserer risikoane ved kjelda. Føresegner om arbeidsutstyr og -metodar medverkar såleis til vern av dei arbeidstakarane som nyttar dei.

7) Arbeidsgjevarar bør tilpasse seg den tekniske utviklinga og den vitskaplege kunnskapen med omsyn til risiko for eksponering for vibrasjon, med sikte på å betre vernet av tryggleiken og helsa til arbeidstakarane.

8) Med omsyn til sjø- og luftfart er det på det noverande utviklingssteget i teknikken ikkje i alle høve mogleg å stette grenseverdiane for eksponering for heilkroppsvibrasjon. Det bør difor vere mogleg å fastsetje tilbørleg grunngjevne unntak i visse tilfelle.

9) Ettersom dette direktivet er eit særdirektiv i medhald av artikkel 16 nr. 1 i rådsdirektiv 89/391/EØF av 12. juni 1989 om iverksetting av tiltak som forbedrer arbeidstakernes sikkerhet og helse på arbeidsplassen(5), skal det nemnde direktivet nyttast på eksponering av arbeidstakarar for vibrasjon, med atterhald for strengare og/eller meir spesifikke føresegner i dette direktivet.

10) Dette direktivet er eit konkret ledd i verkeleggjeringa av den sosiale dimensjonen i den indre marknaden.

11) Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette direktivet, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen -

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
Kommisjonens framlegg
Dato
08.07.1994
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
25.06.2002
Gjennomføringsfrist i EU
06.07.2005
Anvendelsesdato i EU
06.07.2005

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 16, 2.4.2005, p. 306-312
EØS-prosessen
Saksområde
Vedtatt i EØS-komiteen
16.05.2003
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
17.05.2003
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
06.07.2005

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Arbeids- og sosialdepartementet

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 32002L0044
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro