Det europeiske solidaritetskorps (2021-2027)

Tittel

Forslag til europaparlaments- og rådsforordning om opprettelse av Det europeiske solidaritetskorpsprogrammet og oppheving av [Den europeiske solidaritetskorpsforordningen] og forordning (EU) nr. 375/2014

Proposal for a Regulation of the European Parliament and of the Council establishing the European Solidarity Corps programme and repealing [European Solidarity Corps Regulation] and Regulation (EU) No 375/2014

Program eller byrå:
Program

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra Kommisjonens pressemelding 16.10.2019)

Sammendrag av innhold
Som ein del av EU Kommisjonen sitt forslag til nytt langtidsbudsjett har dei sett av midlar til og foreslått eit nytt European Solidarity Corps. Programmet gjeld for 2021 - 2027. Formålet med programmet er å "øge deltagelsen hos unge og organisationer i tilgængelige solidaritetsaktiviteter af høj kvalitet for derigennem at bidrage til at styrke samhørigheden, solidariteten og demokratiet i og uden for EU og til at tackle sociale og humanitære udfordringer på lokalt niveau med en særlig indsats for at fremme social inklusion", jf. art 3.

European Solidarity Corps gjev ungdom nye høver til å delta i frivillig arbeid, praksisopphald eller arbeid gjennom aktivitetar som har eit solidarisk innhald. I tillegg kan dei utforme og utvikle solidaritetsprosjekt på eige initiativ. Programmet skal bidra til å fremme deira personlege, utdanningsmessige, sosiale, medborgarlege og faglege utvikling.

Programmet har fem typar tiltak:

1. frivillig arbeid i samband med solidaritetsaktivitetar, jf. art. 7

2. praksisopphald og arbeid, jf. art. 8

3. solidaritetsprosjekt, jf. art 9

4. nettverksaktivitetar for enkeltpersonar og organisasjonar, jf. art. 5

5. kvalitets- og støttetiltak, jf. art. 5

Noreg er som EØS-land invitert til å delta i aktivitetar etter art. 5 og 7, men er altså ikkje invitert til å delta i praksisopphald, arbeid og solidaritetsprosjekt, jf. art. 14 (2) a).

Dei frivillige aktivitetane bygger vidare på European Voluntary Service. Noreg har delteke i European Voluntary Service gjennom ulike program, seinast Erasmus+, fram til opprettinga av European Solidarity Corps i 2018.

Merknader

Rettslige konsekvenser
Rettsakta er foreslått med heimel i artikkel 165 (4), artikkel 166 (4) og artikkel 214 (5) i traktaten om den europeiske unions virkemåte (TFEU).

Rettsakta vil ikkje medføre endringar i norsk regelverk, men krev budsjettvedtak, og kategoriserast difor i gruppe 1. Ved eventuell deltaking krevast difor samtykke frå Stortinget.

Økonomiske og administrative konsekvenser
Kommisjonen har foreslått å gje programmet eit budsjett på 1,26 mrd euro gjennom perioden. Ved eventuell deltaking vil Noreg måtte betale for programdeltaking i samsvar med EØS-avtalen, i tillegg til å finansiere eit nasjonalkontor for deltakinga.

Sakkyndige instansers merknader
Dette notatet har vore handsama i spesialutvalet for utdanning, der Arbeids- og sosialdepartementet, Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Landsbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet og Barne- og familiedepartementet er representert, i tillegg til tre underliggande etatar. Det foreløpige posisjonsnotatet vart handsama i SU Utdanning i møte 16. oktober 2019.

Vurdering
Det er valfritt å delta i programmet. Noreg deltek ikkje i tilsvarande program for 2018 - 2020, men har delteke i liknande aktivitetar tidlegare. Programmet vil vurderast saman med andre EU-program.

Status