Det europeiske grensekontrollbyrå (FRONTEX): Risikoanalyse 2013

Tittel

Frontex: Annual Risk Analysis 2013

Siste nytt

Risikoanalyse lagt fram av Det europeiske grensekontrollbyrå 18.4.2013. Omtale publisert av Stortingets EU/EØS-nytt 24.4.2013

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra omtalen i Stortingets EU/EØS-nytt 24.4.2013)

Nedgang i ulovlege grensepasseringar i EU
72 437 menneske blei oppdaga i ulovlege grensepasseringar til EU i 2012. Det er ein nedgang på rundt 50 prosent frå året før (141 051), viser Frontex sin årlege risikoanalyse.

Dei viktigaste årsakene til nedgangen er todelt: mindre innvandring frå land i Nord-Afrika etter den arabiske våren og forsterka grensevakthald mellom Hellas og Tyrkia. Størst nedgang blei registrert langs den gresk-tyrkiske grensa, kor det mellom anna er oppført eit 10,5 kilometer langt piggtrådgjerde ved grenseelva Evros.

Det var flest afghanarar, syrarar og marokkanarar som blei stoppa i forsøk på ulovlege grensepasseringar eller for ulovleg opphald i EU i 2012.

På side 45 i rapporten er mellom anna den norske returpolitikken skildra, og det står også at Noreg opplevde ein plutseleg auke i asylsøkjarar frå Kviterussland.

I førre veke presenterte den svenske riksdagsrepresentanten Mikael Cederbratt (M) sin rapport bestilt av Europarådet: "Frontex: human rights responsibilities". Med rapporten som bakgrunn skal Frontex sitt arbeid debatterast i Europarådet 25. april.

Nøkkelinformasjon

Norge



norge-flagg